Res Publica vart etablert som ein tenketank i 2005, av ei gruppe forskarar, politikarar og representantar frå organisasjons- og næringsliv som ønskjer debatt om Noregs vegval, særleg knytt til verdiskaping, fordeling og tryggleik. Medlemmane av Res Publica deler eit positivt syn på den norske samfunnsmodellen, og ei kritisk grunnhaldning til mange av dagens nyliberale politiske “sanningar”. Sidan sommaren 2008 driv ResPublica også som forlag.

Res Publica er eigd og finansiert av ei stifting med same namn, som har sentrale representantar frå norsk fagrørsle i styret sitt. Styret blir leia av Jan Davidsen (Fagforbundet), dei andre styremedlemmane er Leif Sande (Industri og Energi), Tone Sønsterud (LO Stat), og Peter André Moe (Norges Offisersforbund).

Res Publica har for tida tre tilsette, dagleg leiar Håvard Nilsen, rådgivar Thomas Tallaksen og tekstredaktør Helle Cecilie Selnæs. Kjerna i Res Publicas aktivitetar og kunnskapsproduksjon er Fagleg råd, til saman 20 personar.

Håvard Nilsen (daglig leder)
Tlf: 22 05 46 50
Mobil: 99 31 73 18
E-post: havard.nilsen@respublica.no

Thomas Tallaksen (rådgiver)
Tlf: 22 05 46 68
Mobil: 99 25 95 09
E-post: thomas.tallaksen@respublica.no

Helle Cecilie Selnæs (tekstredaktør)
Tlf. 22 05 45 50
Mobil: 92 21 49 63
E-post: helle.selnes@respublica.no

Besøksadresse:
Schweigaardsgate 34c, 0135 Oslo
Org.nr.: 989750135
Kontonr.: 9860.05.02603

Design og utvikling av Netmaking AS. Powered by eZ Publish.